Foto: Tone Eid

Om Hordaringen

Vi er eit danselag som dansar det meste som går under fellesnavnet norsk folkedans (gammaldans, tur- og rekkjedans, bygdedans og songdans). Hordaringen er eit særlag til Hordalaget og Hardinglaget, to av dei omkring 20 laga i Bygdelagssamskipnaden, som eig bygarden Nordahl Bruns gate 22 i Oslo.

Vi har øvingar kvar torsdag i Nordahl Bruns gate 22. Øvingstidene framkjem av terminlista. Instruktørar i Hordaringen er Alix Cordray (hovedinstruktør) samt Gert-Fredrik Malt (songdans). Spelemann er Sigurd Gjerde.

Vi arrangerer kurs for nybyrjarar og vidarekomne.

Vi held ein høg sosial profil, og legg lista i samsvar med nivået til dei som dansar til ei kvar tid.

Kanskje ser vi deg snart, med eller utan erfaring, men med lyst til å kjenne dansegleda.

Vel møtt!

Kontonummer:
9235.14.54808

Kontaktperson:
Arnfinn Skagestad
Høyenhallveien 33
0678 Oslo
Tlf: 915 94 247

Del:

Følg oss på sosiale media