Foto: Norodd

Hordaringen er eit danselag som dansar det meste som går under fellesnavnet norsk folkedans (gammaldans, tur- og rekkjedans, bygdedans og songdans). Hordaringen er eit særlag til Hordalaget og Hardinglaget, to av dei omkring 20 laga i Bygdelagssamskipnaden, som eig bygarden Nordahl Bruns gate 22 i Oslo.

Vi har øvingar kvar torsdag i Nordahl Bruns gate 22.

Vi arrangerer kurs for nybyrjarar og vidarekomne. Klikk på linken til venstre om du vil delta på kurs, der finn du meir informasjon.

Vi held ein høg sosial profil, og legg lista i samsvar med nivået til dei som dansar til ei kvar tid.
Kanskje ser vi deg snart, med eller utan erfaring, men med lyst til å kjenne dansegleda.

Følg oss på sosiale media